Ein pioner som fortener å bli hugsa


2189

innlogget

40193

medlemmer

Norges største og beste møteplass for homofile, bifile og transpersoner!

Bli medlem gratis!

© GAYSIR AS
Om oss  • Personvern  • Annonsering
Tips oss: [email protected]

Ein pioner som fortener å bli hugsa

Sissel Castberg. Foto: Løvetann 1988, fotograf ukjent.

Runar Jordåen / Skeivt arkiv
1. mar 2019 17:00

I samarbeid med Skeivt arkiv publiserer Gaysir artikler som gir deg innsikt i vår felles skeive historie.


Ho skreiv revyar, radioteater og ei av våre aller mest kjende barneviser. I ei tid då homofili var eit av dei største tabuemna var ho oppsiktsvekkande open og ein støttespelar for den nyetablerte homorørsla.

Sissel Castberg (1927–1988) er ein pioner som fortener å bli hugsa.

Refrenget «Det blir ikke hull i en tann som er ren…» har akkompagnert den tannhygieniske opplæringa i dei tusen heimar sidan 1970-talet.

Ikkje mange hugsar lenger forfattaren bak. Endå færre kjenner til at ho markerte seg som ein uredd homoforkjempar – både gjennom openheit og ukonvensjonell veremåte og gjennom lesarinnlegg og revytekstar.

I tillegg til sine barneviser var Sissel Castberg i si samtid kjend som keramikar, journalist og forfattar.

"Tannpussevise" fra serien "Du og jeg og vi to" som gikk i barne-tv i 1969, med vaktmester Svein Byhring, tante Ragne Tangen og postmann Ulf Wengård:


Tidleg støttespelar for homoorganiseringa

Då den norske homorørsla blei grunnlagt i 1950 var Sissel Castberg ein av dei tidlege støttespelarane – og ei av få markante kvinner i kretsen rundt det mannsdominerte Forbundet av 1948.

Foreininga sin første formann, Rolf Løvaas, skreiv rettnok at ho ikkje var noko «foreningsmenneske» og ikkje hadde sentrale verv:

Men hun forsto hva det gjaldt. I en tid da Forbundet var nytt og sårbart og de fleste homsene syntes at dette med å organisere seg var latterlig (eller farlig). Sissel fulgte alltid ivrig med i utviklingen, og hun var mer enn villig til å hjelpe. Hun ga oppmuntring.

Med seg i bagasjen hadde ho ein trygg oppvekst på beste vestkant – faren var jussprofessoren og menneskerettsforskjemparen Frede Castberg; bestefaren var den radikale venstremannen Johan Castberg. Grandtanta Katti Anker Møller kjempa for familieplanlegging og abort.

Denne bakgrunnen må ha forma Sissel – gitt henne mot og gjort henne trygg på å utfordra etterkrigstidas knugande konformitet.

Sissel Castberg. Fotografiet er henta frå Lofotposten 7.9.1967. Fotograf ukjent.

Visa om Wenche Lowzow

Det var i 1979 folk for alvor blei kjend med homoforkjemparen Sissel Castberg. Ho sto bak teksten til ei hyllingsvise til Wenche Lowzow som blei framført på ein av dei store revysatsingane dette året: «L/L Wang & Nilsen» med Sølvi Wang og Rolf Just Nilsen på Det Norske Teatret. 

«Hatten av for Høgres Wenche Lowzow! Og hennar kjæreste Kim Friele med», heitte det i visa. 

I Arbeiderbladet utdjupa ho kor viktig det var at stortingsrepresentanten Wenche Lowzow hadde stått fram: 

«Hun har flyttet en stein frå vår brystkasse». Sissel Castberg såg sjølv betydninga av ei slik revyvise: «Gjennom 70 år er vi blitt mobba fra revy-scenen, latterliggjort og sjikanert», uttalte ho.

Sjølv om dette var første gong Sissel Castberg sa klart og tydeleg i media at ho sjølv var skeiv, framheva ho at ho hadde vore open homofil i 25 år – sidan 1950-åra då «klimaet var beinhardt».

Miljø og hatvald på 1950-talet

Rolf Løvaas såg Castberg som ein viktig støttespelar. I motsetning til det som var vanleg hadde ho både lesbe- og homsevenner: 

«Også blant sine egne var hun fri og ukonvensjonell. Lesbene hadde en tendens til å isolere seg, men Sissel likte å ha homsegutter omkring seg. Hun bygde mange broer». 

I eit tid då Forbundet var prega av hemmeleghald og forsiktigheit var ho i det daglege synleg og sambuande med ei kvinne.

Då ho i 1957 var ein av hovudforfattarane bak årets russervey – ei nasjonal hending i dei tider – var ho med revytruppen på turne til Stavanger saman med sambuaren – noko som var akseptert av alle dei medverkande. Det same kan ikkje seiast om verten ho og sambuaren var innlosjert hos. Han slo Sissel ned: «Jeg ble faktisk nesten drept. […] Jeg så ut som om jeg hadde boksa med Porat og hadde hjernerystelse…» sa ho seinare.

Homodebattant i 1964

I 1964 tok også Castberg ordet i den offentlege debatten. Det heile gjekk inn i ein større debatt mellom psykiateren Jan Greve og Finn Grodal (psevdonym for Øivind Ekchoff).

Ho reagerte særleg på Greve sin påstand om at homofile alltid følte på ein mangel og inst inne ønskte å vera heterofile:

«Selvsagt ønsker alle som står utenfor det kompakte samfunn til tider at de var innenfor sirkelen. Dette gjelder alle såkalte «avvikere», folk med svart eller gul hudfarge som lever i et «hvitt» samfunn, kunstnere som ikke blir forstått, synssvake eller tunghørte mennesker, nervøse mennesker og i borgerskapets øyne, lastefulle folk som har adekvate problem som kan sidestilles de 5-7 prosent av jordens befolkning som betegnes som homofile».

Castberg sette altså det heile inn i ein større «interseksjonell» samanheng: Det var samfunnet som definerte kva som var avvik og som påførte folk skam for eigen identitet.

Utklipp frå Sissel Castberg sitt innlegg i Dagbladet 28. februar 1964. Henta frå Nasjonalbiblioteket.

Ny vår i Løvetanns spalter

Utover på 1960-talet markerte Sissel Castberg som ein allsidig skribent og forfattar – ho skreiv dikt, revytekstar, barneviser, debattinnlegg og dramatikk for radioteateret. Særleg tett arbeidde ho med komponisten og pianisten Kåre Grøttum.

Det var først etter visa om Wenche Lowzow at homoaktivisten Sissel Castberg fekk ein ny vår. Tidsskriftet Løvetann blei ein arena for dette engasjementet. I 1982 hadde ho blant anna på trykk ein prolog i høve 26. juni – homofile sin internasjonale kampdag :

«Elsk den du vil – og ha hjertet med / Elsk – så lenge du kan, / vit du fritt kan velge nå / mellom kvinne og mann./ La oss synge en kjærlighetssang / Og syng den til den du vil / For ingen i verden har maktet å unngå / Amors fortærende ild».

Radikalt hjerte og sammensatt vesen

Sissel Castberg var radikal politisk og høyrde heime på venstresida. Ho engasjerte seg for barns rettar, ho var feminist, fredsaktivist og ho underteikna opprop mot utbygging av Kautokeino-Alta-vassdraget.

I 1981 uttalte ho til Løvetann: «Fremdeles hatten av for Høyres Wenche, men ikke rakkern om hun skal få en million homofile til å stemme blått!»

I minneorda går det også igjen at ho hadde mange venner som ho stilte opp for – ho gav av seg sjølv til det sjølvutslettande. Samtidig var ho følsom og kjenslevar. Rolf Løvaas beskreiv henne som eit «livgivende midtpunkt i en vennekrets»:

«Sissel var et spennende menneske, et sammensatt vesen. Hun kunne slå en myndig neve i bordet, og like etter bryte ut i latter. Eller la seg rive med av ømhet for en god venn».

Fleire trekker fram at det å utfalda seg som den ho var også hadde kosta. Rolf Løvaas avslutta minneordet sitt slik: «Hun ville ikke bli gammel og avfeldig. Hun satte selv punktum. Sissel Castberg ble 60 år gammel.»

Sissel Castberg er på mange måtar utypisk for skeive av sin generajon – ho ville vore 91 år i dag – ho bana veg både gjennom å leva det livet ho levde, gjennom si verksemd som forfattar og gjennom modig deltaking i det offentlege ordskiftet.


Les meir om Sissel Castberg på Skeivopedia. Skeivt arkiv ønsker meir informasjon om Castberg – send oss gjerne ein mail til [email protected] om du har opplysningar, minne eller bilete som kan supplera denne artikkelen (eller ring Runar Jordåen på telefon 900 68 573).


Gikk du glipp av forrige Skeivt arkiv-sak? Les den her:

- Tyskerne var de beste elskerne!


ANNONSE

Kommentarer (0)

Ny kommentar ›

Ingen kommentarer ennå.