Rett til kjærleik og familie


988

innlogget

41409

medlemmer

Norges største og beste møteplass for homofile, bifile og transpersoner!

Bli medlem gratis!

© GAYSIR AS
Om oss  • Personvern  • Annonsering
Tips oss: redaksjonen@gaysir.no

Rett til kjærleik og familie

Oslo 1993: Kim Friele og Wenche Lowzov var eit av de første para som inngjekk partnarskap. Foto: Mimsy Møller.

Birger Berge / Skeivt arkiv
28. des 2017 10:00

I samarbeid med Skeivt arkiv i Bergen publiserer Gaysir artikler som gir deg innsikt i vår felles skeive historie.


På under 40 år gikk Noreg frå å kriminalisere sex mellom menn, til å legge til rette for regnbogefamiliane. Desse endringane fann stad grunna offensiv satsing frå homorørsla, og i eit samfunn under stor endring kva gjeld tankar om kjønn, seksualitet, reproduksjon og familie.

Då Det norske forbundet av 1948 (DNF-48) blei stifta i 1950 var Noreg eit konservativt samfunn der ekteskapet sto sterkt og kjernefamilien var norma. Den viktigaste prioriteten for DNF-48 var i byrjinga å få fjerna lovforbodet mot sex mellom menn, paragraf 213. §213 var sjeldan nytta, men forutan frykt for straff skapte den skamkjensle og hindra openheit.

Giroblankett nytta av DNF-48, som viser bruken av dekknamnet Foreningen "For by og bygd," som organisasjonen nytta for å ikkje avsløre medlemmar. Foto: Skeivt arkiv.

Kritikk mot kjernefamilie og ekteskap

DNF-48 var i byrjinga ein diskret organisasjon, men førte frå 1960-talet ei stadig synlegare og meir konfronterande linje.

Etter at §213 vart fjerna i 1972 kom organisasjonen året etter med ein landsmøteresolusjon som sa nei til ekteskap i tradisjonell forstand, og gikk inn for ny samlivsregulering som regulerte ulike samlivsformer på lik linje. Det vil til dømes seie at det vi i dag referer til som polyamorøse forhold – forhold mellom fleire personar samstundes -  ville vore regulert på lik linje med «tradisjonelt» samliv mellom to personar.

I blader og tidsskrift assosiert med homorørsla som Fritt fram  og Løvetann, blei det tradisjonelle ekteskapet og den tradisjonelle kjernefamilien framstilt som undertrykkande og gamaldagse livsformer som undertrykte kvinner og menn både økonomisk og seksuelt.

Frigjort frå tradisjonelle konvensjonar kunne homorørsla og medlemmane vise veg fram mot eit meir frigjort, ope og rettvist samfunn, og kritikk retta mot tradisjonelle former for samliv og familie var ein del av dette.

Forside frå avisa Fritt fram, som viser ein ulukkeleg kjernefamilie. Tradisjonelle livsformer som kjernefamilien blei gjerne latterleggjort og kritisert i blader og tidsskrift assosiert med homorørsla. Foto: Skeivt arkiv.

Atterhald og ignorering

I homorørsla var det vanskeleg å oppnå semje kring samlivsspørsmålet. På tross av resolusjonen frå 1973 var det mange som ønska seg tilgang til tradisjonelt ekteskap.

Ein av gruppene som tydlegast kom med ønskje om dette var Åpen kirkegruppe (ÅK), som frå etableringa i 1976 kjempa for at likekjønna kjærleik skulle aksepterast som likeverdig også innanfor religiøse rammer.

Gruppa heldt uoffisielle vigsler frå 1976, men sidan kyrkjeleg motstand var stor hadde gruppa vanskeleg for å skaffe forståing for si sak. Situasjonen skapte komplikasjonar ikkje berre grunna kontrovers i samfunnet og i homorørsla sjølv, men også reint praktisk fordi dei som levde saman mangla juridiske ordningar for sine samliv.

Styresmaktene ignorerte lenge spørsmålet om samlivsregulering for par av same kjønn, og spørsmålet blei ikkje løfta opp på politisk nivå for alvor før hiv/aids-epidemien gjorde seg gjeldande med sitt første offisielle dødsfall i Noreg i 1983.

Homorørsla si raske mobilisering mot sjukdommen var medverkande til at styresmaktene blei meir merksame på levekåra til homofile og lesbiske. Samlivsregulering for homofile blei frå politisk hald sett på som eit tiltak for å betre situasjonen, sjølv om homorørsla sjølve ikkje nytta epidemien som eit argument for å oppnå dette.

Epidemien førte likevel til at debatten om samliv tok ei ny retning i homorørsla. I tråd med den tidlegare kritikken av ekteskap og tradisjonelt familieliv som undertrykkande, argumenterte mange framleis for frigjort seksualitet.

Kritikarar av ein slik «livsstil» stempla den som promiskuøs og usunn, og uttrykte frykt for at homorørsla skulle stemplast som overseksualisert, og at stigma og fordommar skulle gjere det vanskeleg å oppnå rett til regulering av samliv og anerkjenning av familieband.

Anerkjenning av kjærleik

Då homorørsla i 1988 sette ned ei gruppe som skulle arbeide med spørsmålet om samliv opp mot stortingspolitikarane, var spørsmålet framleis kontroversielt i rørsla.

Kritikarar av samlivsregulering peika på at homofile og lesbiske no ville bli «etterlikningar» av heterofile, og dermed bli «normaliserte.» Konsekvensen ville bli at homofile og lesbiske ville misse sin eigenart og vesentlege delar av eigen kultur og miljø.

Motstand på politisk nivå og i samfunnet gjekk på at ekteskapet var ei særeiga ordning mellom mann og kvinne, og at samlivsregulering for par av same kjønn ville svekke denne institusjonen si særstilling. Homorørsla viste til spørsmålet som eit viktig likestillingsspørsmål, og som anerkjenning av kjærleik mellom personar av same kjønn.

Då Danmark innførte si partnarskapslov i 1989 som første land i verda, skaut debatten for alvor fart i Noreg.

At partnarskapslova blei vedtatt med knappast mogleg fleirtal på Stortinget i 1993, viser kor kontroversiell den var. Lova gav rettar tilsvarande ekteskap, med unntak for rett til å bli vurdert som adoptivforeldre, stebarnsadopsjon og assistert befrukting for lesbiske par.

Kim Friele og Wenche Lowzov blir hylla utanfor Oslo rådhus etter å ha inngått partnarskap. Kim Friele var mangeårig leiar og generalsekretær i DNF-48, og er for mange framleis den mest kjente aktivisten i Noreg. Wenche Lowzow var den første stortingsrepresentanten (H) som sto ope fram som lesbisk. Skeivt arkiv: Løvetann-arkivet Foto: Mimsy Møller.

Regnbogefamiliane

Med det knappe fleirtalet i 1993 hadde det ikkje vore mogleg å få igjennom ei lov som også inkluderte spørsmålet om barn. I åra etter innføringa blei det ein viktig kampsak for homorørsla å få anerkjenning for at også homofile og lesbiske hadde – og ønska seg – barn. Den første anerkjenninga av det som etter kvart blei kjent som «regnbogefamiliane,» kom med innføring av stebarnsadopsjon i 2001.

Stebarnsadopsjon mogleggjorde adopsjon av registrert partnar sine barn, og gjorde det for første gang juridisk mogleg med to foreldre av same kjønn i Noreg.

I 2003 venta Guro Sibeko barn saman med kjærasten Anne Mette. Den einaste moglegheita for at begge foreldra skulle få same juridiske rettar til barnet, var søknad om stebarnsadopsjon. Skeivt arkiv sitt intervjuprosjekt.

Som ved innføringa av partnarskapslova var det framleis delte meiningar i homorørsla om kva retning ein skulle gå i. Spørsmålet om ekteskapslova og tilhøyrande lover skulle gjerast kjønnsnøytral, blei sett på som full likestilling av somme medlemmar, medan andre igjen såg på det som ei etterlikning av heterofile, som heteronormativt.

Å gjere ekteskapslova kjønnsnøytral var også kontroversielt i delar av samfunnet, særleg i religiøse trussamfunn.

Då Stortinget vedtok felles ekteskapslov i 2008 gav det full likestilling for likekjønna par kva gjaldt rett til ekteskap, adopsjon, og assistert befrukting for lesbiske par.

Trussamfunn hadde likevel rett til å reservere seg mot vigsler av likekjønna par, og kyrkja innførte ikkje ein vigsleliturgi som kunne nyttast av likekjønna par før i 2017.

Lovendringsprosessen viser at det norske samfunnet i aukande grad har anerkjent homofile og lesbiske sine rettigheiter, men at reformviljen har vore avgrensa til familieformer som liknar den tradisjonelle kjernefamilien. Andre «skeive spørsmål» som trans* sine reproduktive rettar og polyamorøse forhold har blitt mindre anerkjent, diskutert, og adressert.

Korleis styresmaktene vil adressere desse spørsmåla i framtida, vil tida vise, men historia viser at forståinga av ekteskap, reproduksjon og familie er i stadig endring og at endring er mogleg.


Les meir om tematikken i Birger Berge si masteroppgåve «Attråverdige fellesskap? Familieforståing i homorørsla 1973-2008.»


ANNONSE

Kommentarer (1)

Ny kommentar ›

  • Leras

    28. des 2017 13:56 God artikkel!
    Det er viktig at vi som har vokst opp i et relativt alarmerende samfunn ikke glemmer at de rettighetene vi har i dag ikke kom av seg selv.
    All ære og honnør til de som kjempet, og enda kjemper, kampen for rettigheter til minoriteter og utenforstående! <3