Media vil vite kven du ligg med


2696

innlogget

42704

medlemmer

Norges største og beste møteplass for homofile, bifile og transpersoner!

Bli medlem gratis!

© GAYSIR AS
Om oss  • Personvern  • Annonsering
Tips oss: redaksjonen@gaysir.no

Media vil vite kven du ligg med


 -Det er ei saksopplysning kven kjærasten min er, mener Linda Eide i NRK.

Linda Eide er programleiar i NRK og deltok i debatten Arbeiderpartiets homonettverk arrangerte torsdag under "Skeiv i slapsen" i Bergen.

Fra venstre: Håkon Haugli, Dag Øistein Endsjø, Tone Hellesund, Tor Øyvind Westbye, Linda Eide

Utgangspunktet for debatten var medias fokus på homofile, og om all eksponering er god eksponering.

Linda Eide var klar på at kven som er kjæraste med kven er ei saksopplysning på linje med andre delar av ein person.

Sjølv fokuserte ho på at ho har vorte framstillen som "nynorskforkjempar". Ho snakkar nynorsk i mediesamanheng, og det er nok til eit slikt fokus. Men kva så? Det må vere lov å vere seg sjølv, mente ho.

Håkon Haugli fra homofile og lesbiske sosialdemokrater fortalde at TV2 hadde ringt han, fordi dei hadde hørt han hadde navn på idrettskjendisar som er i skapet.

TV2 ville at han skulle fikse kontakt med formål å lage ei reportasje.

Dette er for han feil. Sjølv om det er viktig med opne homokjendisar, skal ein ikkje forlange at ein person skal bere den børa det er å vere aleine som kjent idrettshomo.

Må også kunne være skjult

Tor Øyvind Westbye fra KrF var opptatt av homoane si muligheit til å vere skjult.

Han fortalde om homoar som er i skjul i KrF fordi dei vil ha ein karriere i partiet. Dette er personar som vel å leve aleine. Samtidig kunne han fotelje at det etter bibelen er eit ideal å leve enslig, enten ein er homo eller hetero.

Westbye hadde nok ei anna oppfatning enn Linda Eide i forhold til å sjølv velje kva ein vil seie om eigen seksualitet, sjølv om han også måtte innrømme at homoar som motarbeidar homokampen aktivt ikkje fortjener noko vern.

Tone Hellesund, Tor Øyvind Westbye, Linda Eide.

Smertens språk

Forsker Tone Hellesund har siste tida har vore ute med "Smertens språk", var opptatt av at unge homofile treng førebilde som skaper identitet. Samstundes er homofile ikkje ei homogen gruppe.

Hellesund fortalde at eldre homofile sier til henne at Homsepatruljen er den viktigaste grunnen til sjølvmord blant homofile, medan 18-åringane morar seg med Gay army på tv.

Når det gjeld homoar sin plass i media, opplyste Dag Endsjø i Menneskrettsalliansen at mange andre minoritetar misunner den rolla homoar har. Han mente at funksjonshemma i dag er der homoaktivistane var for 20 år sidan. Dei slit med å få oppslag i media, i tilegg til at dei reportasjene som kjem er "sytereportasjer". Han mente at homoar har lett tilgang til media.

Frå salen kom det spørsmål om det er lurt at homoane er minoritetar i media.

Også fordel å være minoritet

Til det meinte Linda Eide at ho sjølv er minoritet på mange måtar, og då meir som nynorskbrukar enn som homo. For henne er det nok at ho opnar munnen, for då høyrer alle at ho sikkert skriv nynorsk. Ho viser ikkje igjen like mykje som homo.

Tor Øyvind Westbye hadde innfallsvinkelen at ein må vere minoritet for å oppnå goder, også overfor media. Målet må vere at ein ikkje lenger vert sett på som minoritet.

Haugli meinte det ikkje er noko problem å vere minoritet i media, men at homorørsla må kvitte seg med "smertens språk". Det skal vere lov å vere annanleis, både som A4-menneske og som dragqueens.

Haugli nevnte at det faktisk var sistnevnte gruppe som starta homokampen med opprøret i Stonewall i 1969, og at med dragqueens klarer ein faktisk å utvide grensene for å kunne vere seg sjølv. Hellesund peikte på at homoane må gi slepp på minoritetsbegrepet og at målet må vere å utrydde seg sjølv som underlegen minoritet.

Håkon Haugli, Dag Øistein Endsjø og Tone Hellesund.

Homo må kunne skrive om homoer


Det ble også pekt på at media må få beskjed om feil begrepsbruk. Ein homse er kun ein homofil mann, og då kan ein ikkje referere til homsefestivalar til dømes. Då vert kvinnene redusert til ingenting. Det same gjeld konstruksjonen "praktiserande homofil", som betyr ingenting.

Håkon  Haugli trakk også fram at holdinga om at homoar ikkje kan skrive om homosaker i norske media, må endrast. I eksempelvis avisa Vårt Land nektar sjefsredaktøren homoar å skrive om homotema.


ANNONSE

Kommentarer (7)

Ny kommentar ›

  • HaakonH

    26. jan 2007 15:40 Tusen takk for et godt møte og for en bra oppsummering av debatten. En tilleggskommentar til siste avsnitt: Redaktøren i Vårt Land, Simonnes, har en underlig forståelse av habilitet. Han mener homofile ikke kan skrive om homorelaterte tema siden de kan ha "egeninteresse" i saken. Men selv kan han skrive om aksjeselskaper han investerer i.
  • Vidar1974

    26. jan 2007 16:55 Ja, og kristne får lov til å skrive om kristendom. Det tykkjer eg er heilt uhøyrt! :-D
  • Amadeus

    26. jan 2007 18:33 Journalistene i Vårt Land har helt sikkert ikke "egeninteresse" i sakene de skriver om, er nok ateister hele gjengen ja!
  • TomAS82

    26. jan 2007 22:25 haha.. de klarer ikke følge med om de ville.. :)
  • hvo

    29. jan 2007 00:23 Jeg er helt unig med redaktøren i "Vårt Land" når han sier at homofile journalister ikke kan skrive om homofili. Jeg fatter ikke hvordan en redaktør av ev landsomfattende seriøs avis kan hevnde noe slikt. Om mans tankerekke skulle være gjeldende for norsk presse kan heller ikke heterofole og gifte journalister skive om et seminar om ekteskapets velsignelser. En fotballspiller kan ikke bli sportsjournalist og dekke fotballkamper, en kristen kan ikke dekke et menighetsmøte osv. Det blir bare helt feil, og et total mistolking av habilitetsreglene.
  • Krisbeer

    29. jan 2007 10:37 Hallo! Haugli mener ikke det. Redaktøren i Vårt Land derimot mener at homofile ikke kan skrive om homorelaterte tema.

    Forøvrig var møtet veldig godt, det. En morsom debatt og Bergen var en fin-fin by etterpå.

  • frida

    3. feb 2007 22:57 Synes folk burde la folk få være i fred! Vil man opplyse om sin legning, tro, eller holdning, kan man bare gjøre det!

    Men å skrive om holdninger som skader i offentlige blader og aviser, synes ikke jeg er noe bra.

    Og forresten så burde folk i Vårt Land kutte ut å skrive om kristendommen, og da! Kan jo støte enkelte lesere!!