Senterungdommen i Oslo med homostøtte


487

innlogget

41412

medlemmer

Norges største og beste møteplass for homofile, bifile og transpersoner!

Bli medlem gratis!

© GAYSIR AS
Om oss  • Personvern  • Annonsering
Tips oss: redaksjonen@gaysir.no

Senterungdommen i Oslo med homostøtte

Trygve
7. okt 2005 00:00

- Oslo Senterungdom kjenner seg ikkje att, og kjenner heller ikkje att Senterpartiet, i dei talrike negative reaksjonane vi har fått frå homofile og lesbiske den siste tida, i og utanfor partiet - reaksjonar som er forståelege utifrå den profilen partiet har fått i media, skriver Senterungdommen i Oslo i en resolusjon som er oversendt forhandlingsdelegasjonen på Soria Moria.

Senterungdommen i Oslo vedtok resolusjonen på sitt fylkesårsmøte torsdag 6. oktober.

"Til: Senterpartiets forhandlingsdelegasjon på Soria Moria
Kopi: sentralstyret i Sp, Senterungdommen, Oslo Senterparti

Fylkesårsmøtet i Oslo Senterungdom er sterkt uroa for det inntrykket som under regjeringsforhandlingane har blitt skapt av Senterpartiet som ein bremsekloss for likestilling mellom heterofile og homofile.

Media har framstilt partiet som ein front i "kampen" mot ei kjønnsnøytral ekteskapslovgjeving.  Dette er basert på uttaler frå sentrale tillitsvalde i Senterpartiet, uttaler som har kome trass i at det ikkje finst noko vedtak på landsmøte eller i andre organ i partiet om denne saka, og trass i at Senterpartiet i Stortinget i fjor føreslo ei utgreiing av kjønnsnøytral ekteskapslovgjeving.

Oslo Senterungdom kjenner seg ikkje att, og kjenner heller ikkje att Senterpartiet, i dei talrike negative reaksjonane vi har fått frå homofile og lesbiske den siste tida, i og utanfor partiet - reaksjonar som er forståelege utifrå den profilen partiet har fått i media.

Oslo Senterungdom stør ei kjønnsnøytral ekteskapslovgjeving, med fulle rettar til borgarleg vigsel for homofile par. Vi meiner at ei slik lovgjeving er mogleg utan at trus- og livssynssamfunn blir pålagde å via samkjønna par, men at dei må ha rett til dette på lik linje med å via heterofile par, dersom trussamfunna sjølve ønskjer det. Oslo Senterungdom ser ikkje korleis ei slik lovgjeving kan truga det heterofile ekteskapet som "grunncella" i samfunnet. Tvert imot vil utvida moglegheit for formalisering av forhold mellom to individ, uavhengig av seksuell legning, vera ein stabiliserande samfunnsfaktor.

På dette grunnlaget bed vi partileiinga og forhandlingsdelegasjonen på Soria Moria om å stø ei utgreiing av ein slik modell for kjønnsnøytral ekteskapslovgjeving, og vera tydelege på at ein ønskjer eit likestilt samfunn, der rettar og plikter er uavhengige av kva for seksuell legning individet har."


ANNONSE

Kommentarer (2)

Ny kommentar ›

  • kjetil1979

    7. okt 2005 13:52 Kjempe bra utspill og håper de får gjennomslag i partiet :-D

    Selv er jeg for at Statskirken kan velsigne de homofile. Det blir jo noe annet enn en vigsel. Synes det er rart at det med kirken har fått en sååå stor del av debatten, greia er at med en velsignelse i kirken så vil det holde slik jeg ser det. Håper de kreftene i Senterpartiet som vant på forrige landsmøte da det ble vedtatt at homofile kunne vurderes som adopsjonsforeldre til slutt vinner frem i partiet.

  • slettet_boYiM61

    7. okt 2005 23:42 Dette viser vel i grunnen at alle de som forherliget det rød-GRØNNE alternativet, får akkurat de samme problemene å slite med, som Høyre hadde i regjering med KrF!

    Jeg håper selvsagt at Åslaug Haga, og hennes reaksjonære kadre, får seg en på tygga fra Jens og Kristin, men likevel...