Brendes svar til Navarsete


2193

innlogget

42434

medlemmer

Norges største og beste møteplass for homofile, bifile og transpersoner!

Bli medlem gratis!

© GAYSIR AS
Om oss  • Personvern  • Annonsering
Tips oss: redaksjonen@gaysir.no

Brendes svar til Navarsete

Redaksjonen
19. apr 2017 14:44

Før påske sendte Liv Signe Navarsete (Sp) et skriftlig spørsmål til utenriksminister Børge Brende (H) om den dramatiske situasjonen for homofile i Tsjetsjenia, og hva Norge gjør for å stoppe forfølgelsen. Nå har svaret kommet.

Navarsete er medlem i Utenriks- og forsvarskomiteen. Torsdag 6. april stilte hun følgende spørsmål til Brende:

Kva gjer regjeringa for å bidra til at drap og forfølging av homofile i Tsjetsjenia opphøyrer øyeblikkeleg?

I begrunnelsen for spørsmålet, skriver hun:

"Media rapporterer om at LHBT-personar flyktar for sine liv i den russiske delrepublikken Tsjetsjenia. Det vert rapportert om bestialske mord, massearrestasjonar, tortur og at homofile vert begravd levande. Den norske regjeringa må øyeblikkeleg bruke alle tilgjengelege arenaer for å påverke Russland og Tsjetsjenia til å stanse desse overgrepa. Noreg kan bidra til at desse uakseptable handlingane opphøyrer, og det er difor av stor interesse å få vite kva strakstiltak regjeringa vil setje i verk i samarbeid med andre land, EU og Europarådet. Det er også viktig å få stadfesta at norske styresmakter tek opp spørsmålet bilateralt på toppnivå, og kva støtte Noreg vil gje for å gjere sivilsamfunn betre i stand til å motverke disse kreftene."


I sitt svar til Navarsete 18. april, skriver Brende:

Regjeringa er uroa over rapportane som skildrar arrestasjonar, mishandling og drap av personar som vert haldne for å vere homofile i den russiske delrepublikken Tsjetsjenia. Vi veit frå før at LHBTI-personar har ei utsett stilling i Russland, og at rettsvernet deira er innskrenka.

Det er viktig at dette blir grundig granska. Regjeringa vil bruke bilaterale kanalar og multilaterale forum til å oppmode russiske styresmakter om å granske påstandane og setje i verk naudsynte tiltak for å følge opp sine menneskerettslege forpliktingar. Noreg har alt slutta seg til EU si fråsegn i OSSE-rådet i denne saka. Det er positivt at leiaren for det russiske presidentrådet for sivilt samfunn og menneskerettar, Mikhail Fedotov, òg har teke til orde for ei slik gransking.

Noreg sin ambassade i Moskva følgjer denne saka tett. Noreg støttar òg opp om aktørar som arbeider aktivt for dei seksuelle minoritetane som er råka i denne saka.

Regjeringa si tilskotsordning for prosjekt i Nord-Kaukasus har som mål å støtte demokratisk utvikling, etterleving av internasjonale menneskerettar og eit styrkt sivilsamfunn i regionen. Vi prioriterer tiltak som skal motverke straffridom og styrkje rettstryggleiken i samband med menneskerettsbrot i regionen.


ANNONSE

Kommentarer (2)

Ny kommentar ›

  • 73WR

    19. apr 2017 21:39 Utrolig viktig og flott at sak og tema blir tatt opp offentlig politisk på denne måten.
    Det viktigste er å vise at man ikke overser diskriminering og undertrykkelse;
    at man er observant, følger med og aktivt viser at man støtter opp om kampen for
    menneskerettigheter, også på et internasjonalt nivå.
  • Karin Gay

    20. apr 2017 13:57 Hva gjør Senterpartiet - eller rettere Bondepartiet i forhold til rettigheter for de som bor i Norge og befinner seg i målgruppen - jfr. det som skjedde på Stortinget forleden vedr. kjønnsdebatten . . .